Tuesday, April 6, 2010

Oversikt over forskingsblogging

Våre brukarar overrislast i dag jamnleg av meir og mindre relevant litteratur. Men korleis løfte fram det mest interessante, aktuelle, nyskapande? Kanskje tidvis også eldre nøkkelreferansar? Gløymte perler?

Ei kjelde er forskingsblogging, som eg har vore innom før. Men det tar tid og krefter å skaffe seg oversikt over dei kvalitetsmessig gode bloggane, og dei som treff midt i eige fagfelt. Ein av bloggarane på Sciencebase har rett og slett laga ein periodisk tabell over naturvitskaplege bloggarar, med fargekoda fagfelt.

No comments:

Post a Comment