Tuesday, April 6, 2010

Forskingblogging om forskingsjuks

På bloggen Adventures in Ethics and Science bloggar Janet D. Stemwedel om vitskapleg mishald i posten What causes scientific misconduct? Fabrikering og forfalsking av data utgjorde hovuddelen av mishaldet. Men og plagiering (fokus for oss som underviser i bibliotek) utgjer ein solid bit. Kulturelle skilnader nemnast som årsak i bloggposten, men ikkje i artikkelen. I artikkelen nemnast derimot språkforskjellar. Manglande kunnskap om reglar (kva som er eller ikkje er juks) ser IKKJE ut til å vere ein faktor, så langt eg kan lese meg til. Det er interessant, vårt hovudvåpen i kampen mot plagiering er nettopp kunnskap om korrekt sitering.

Den endelege testen på effekten av kunnskap vil vere ei samanlikning av institusjonar med og utan fokus på etikk i den obligatoriske undervisninga (jf instillinga "Utdanning i akademisk redelighet - tiltak for etikk i utdanningene ved Universitetet i Bergen").

No comments:

Post a Comment