Tuesday, September 29, 2009

UBB testar bX

Sette du morgonkaffien i halsen sist du trykte på ein UBB-knapp? Skjedde det nye og uforklarlege ting?


Vel, nettenester endrar seg stadig, så det er gjerne ikkje det store sjokket. Eller kanskje hadde du fått med deg meldinga om bX-testing på intranettet.

Fram til oktober testar vi ut bX, ei ny 'anbefalings'-teneste frå Ex Libris, kopla til SFX (UBB-knappen), som vi alt har. I tillegg til lenke til fulltekst, vil brukaren ofte få opp forslag på andre relevante artiklar (default tre, kan utvidast til ti). Tenesta kan minne om funksjonane i Pubmed og ISI som lar deg finne 'related articles'. Hos Pubmed skjer koplinga til relaterte artiklar gjennom emneord, hos ISI gjennom delte referansar. Slik sett minner bX meir om Amazon, som lar deg vite at 'Customers Who Bought This Item Also Bought', og gir nokre døme. For bX er tenesta basert på kopling mellom dei ulike artiklane ein brukar vel å klikke på gjennom ein sesjon. Vi veit såklart ikkje om vedkomande faktisk lasta ned artikkelen, om artikkelen blei lest, verdsett eller kanskje til og med sitert. Derimot veit vi altså at brukaren har vist interesse for den. Det kan vere nyttig nok, det. Eg har testa tenesta for mine spesialområde, og synest det kjem opp interessante forslag. Vi kjem i tillegg til å spørre brukarane om dei fann tenesta nyttig.

Nokre punkt å vere merksam på:

1) Sidan tenesta koplar klikk på elektronisk tilgjengelege artiklar, vil artiklar som ikkje finst elektronisk eller som ingen har klikka på (gjennom SFX den siste tida) mangle data, og dei vil følgjeleg mangle forslag

2) Du kan gå til artikkelen gjennom å klikke på artikkeltittel. Det tar deg normalt direkte til artikkelen hos utgjevar

3) Du kan opne ny UBB-meny for ein interessant artikkel (eventuelt med nye artikkelforslag) gjennom å klikke på den raude krusedullen til høgde (SFX-symbolet).

4) Du kan laste ned ein eller alle artiklane til EndNote ved å hake av referansane

Smakebit på bX

Lurer du på ka bX står for? Det gjer vi i portalgruppa også. Vi sov nok i timen, men svaret er heller ikkje så lett tilgjengeleg. Eg antar at van der Sompel har latt seg inspirere av minst ein av Wikipediainnførslane på temaet bX

Tuesday, September 15, 2009

Manglande siteringar - glipp, slappheit eller aktiv utelatelse?

I ein svært interessant bloggpost skriv Darren Naish djupfølt om eit problem innan vitskapen, nemleg manglande henvisning til relevante artiklar: The pain of not getting cited: oversight, laziness, or malice?

Årsakene kan vere mange. Uansett korleis ein søker, kan viktige referansar sleppe mellom fingrane på ein stakkar, og forfattaren kan vere genuint frustrert over å ha missa viktig innsikt i feltet. I andre samanhengar er det snakk om latskap. Eg HAR ein gong høyrt ein postdoc i fullt alvor snakke om korleis han så langt mulig unngjekk å lese seg opp på eit tema, og berre las det absolutt viktigaste. Enno meir alvorleg er det om ein forfattar aktivt vel å la vere å sitere ein kollega og konkurrent, anten for å kunne inkassere æra over å vere først på feltet, eller for å unngå å blåse opp siteringsstatistikken til nokon ein potensielt skal konkurrere med, om tilsetjing eller om forskingsmidlar.

Fleire moment leggast til i diskusjonen under innlegget, som at referee-behandlinga ofte sviktar når det gjeld å påpeike manglande referansar. Sjølv kan eg for eiga rekning legge til at bias i søk resulterer i trefflister som ikkje er representative for eksisterande kunnskap. For eksempel kan val av tilsynelatande like søketermar vere avgjerande for kva 'skule' av forskarar du treff på. Berre prøv med så like biologiske søketermar som 'habitat use', 'habitat selection' og 'habitat choice'. I dei to siste tilfella impliserast kjennskap til motivasjon og preferanse hos studieorganismen. Mange forskarar vegrar seg derfor mot å bruke slike termar, og du vil følgjeleg ikkje få treff på deira arbeid med slike søketermar.

På same måten vil val av database eller søk på forfattar vere med på å dreie trefflista og lesinga mot spesielle synspunkt framfor andre. Uansett årsak er det tydeleg at denne bloggposten traff ein nerve, og at siteringar kan bety eit vere eller ikkje vere for ein ung forskarspire.

For oss som jobbar i bibliotek, burde denne bloggposten vere av stor interesse. Den illustrerer kor viktig det er å drive med informasjonskompetanseundervisning, samt undervisning i sitering og etikk. Med grunnleggande søkeferdigheiter på plass burde litteratursøkingsprossessen koste mindre, og gjere det mindre freistande å droppe søking/lesing/sitering. Talet på glippar burde dessutan gå ned. Ein kunne kanskje også håpe på ei mindre innsnevring av vitskapen enn den Evans peikar på i sin Scienceartikkel frå i fjor: Electronic Publication and the Narrowing of Science and Scholarship