Tuesday, October 12, 2010

Nytt realfagsbibliotek - i Oslo

I vår andelause venting på nytt realfagsbibliotek her i byen, kan det vere spennande å kikke på kva som skjer påden andre sida av Hardangervidda. UBtinget har i dag ein presentasjon av det nye realfagsbiblioteket ved UiO. Ta ein kikk!

Sjølv har eg vore så heldig å få ei grundig omvisning av prosjektleiar, eg har fått kikka på teikningar og fått det heile forklart. Veldig spennande tenking, synest eg. Og der borte kortar dei ned ventetida med å sette i gang nettoverførte arrangement, med Bill Bryson (som eg fekk sett laiv-overført) og Marcus de Sautoy (som eg ikkje har sett). Kanskje DET kunne vere noko for oss?