Thursday, January 14, 2010

Søkeboksen i Firefox - litt skreddarsøm

For kjappe oppslag, er eg heilt avhengig av søkeboksen i Firefox (den til høgre for adressefeltet). Ekstra søkemotorar er det stort sett greitt å legge inn. Derimot fekk eg det for meg at eg skulle legge inn ein add-on for kvar av dei ulike Wikipediaene eg jamnleg søker (nynorsk, bokmål og svensk). At bokmålsversjonen eksisterte, visste eg, for den fulgte med som default då eg installerte heime.

Lenka 'Manage search engines' nedst på nedfellsmenyen til feltet pleier å vere tingen, og deretter eit klikk på 'Get more search engines', men av ein eller annan grunn fekk eg ingen treff på nokon av versjonane eg ville ha inn. Løysinga viste seg å ligge ein HEILT annna stad: Når du står i den Wikipediaen du ønskjer å legge inn, vil denne Wikipediaen dukke opp som eit forslag på nedfellsmenyen, rett over 'manage search engines'. Legg til, så blir livet *bittelitt* lettare :-)

1 comment:

  1. PS: det fungerer for mange andre databasar og søkemotorar også!

    ReplyDelete