Tuesday, January 5, 2010

Eit lite, bibliografisk mareritt....

Eg følgjer med på nokre bloggar innan mine fagområde (biologi/molekylærbiologi), og følgjer særleg godt med når dei seier noko om bibliotek, publisering, sitering og open access. Eit lite mareritt beskrivast her: sidetal som endrast i elektronisk arkiv, slik at det ikkje lenger korresponderer med det opprinnelege sidetalet (trykk etc). Oppslag på tidlegare korrekt referanse tar ein til eit bibliografisk svart hol (men ikkje større enn at vi på biblioteket stort sett ville finne ut av det). Les meir om dette på Dechronization: Evolution, Phylogenetic trees, Comparative methods

Ville tru at dette i større grad hang saman med elektronisk arkivering enn med OA? Nokre artiklar utelatast frå elektroniske arkiv, og eg kan tenke meg at eit eller anna ikkje så lyst hovud kan kome på å forskyve sidetalet tilsvarande, utan at det burde ha noko med OA å gjere...

4 comments:

  1. Sidetall som redskap for identifisering og gjennfinning er vel blitt erstattet med permanente digitale identifikatorer, for eksempel DOI.
    Likevel er jeg enig i at den elektroniske verden er mer flyktig enn den fysiske. Hvilken garanti har vi for at DOIen er permanent eller at e-artiklene er sikret for all fremtid?

    ReplyDelete
  2. Urovekkende!
    jeg sjekket PubMed, og der er sidetall oppgitt til 273-6.

    Hva er det som skjer? Hvor har PubMed fått sine data fra...

    Sigrun

    ReplyDelete
  3. ... PubMed må ha indeksert artikkelen før sidetallene ble endret i det åpne tidsskriftet.
    Om man klikker på ubb-knappen, kommer man via PubMedCentral fram til rett artikkel - der sidetall er oppgitt til 247-50.

    Kanskje noen vet hvilken identifikator som brukes i sfx for å koble til rett artikkel.
    Det er kanskje DOI-en?
    ....

    ReplyDelete
  4. Sjekka mot ISI, dei oppgir sidetal som 247-250, altså indeksert etter endring. Tidsskriftet brukar ikkje DOI, så den brukast ikkje for lokalisering. PubMed-ID, kanskje?

    ReplyDelete