Friday, March 5, 2010

Open Acces også for monografiar?

Via IAMSLIC blei eg tipsa om ein ny open access monografi, 'From Seascapes of Extinction to Seascapes of Confidence'. Boka blir utgitt av Co-Action Publishing, som spesialiserer seg på å skreddarsy open acess-løysingar:
[...] we work to develop an international list of scholarly Open Access journals and books for a global audience.
Co-Action tilbyr fleire tidsskrift, men så langt berre to bøker. Eg synest denne løysinga er spennande. Dei legg ut Paperback-versjon for sal, og tilbyr ebok for gratis nedlasting. Sikkert ei grei løysing for dei universitets- og forskingspublikasjonane som likevel ikkje kan rekne med stort sal (og store inntekter til forfattar).

Spørsmålet er korleis vi rundt i dei tusen bibliotek skal fange opp desse ebøkene, og sørge for at dei er tilgjengelege, også gjennom våre katalogar. For større, akademiske aktørar burde vi kanskje vurdere importar? I dette tilfellet får vi berre legge den aktuelle boka inn manuelt.

1 comment:

  1. Lulu.com publiserer ebøker også, noen gratis: http://www.lulu.com/product/download/libworld---library-blogs-worldwide/5472956

    ReplyDelete