Tuesday, September 15, 2009

Manglande siteringar - glipp, slappheit eller aktiv utelatelse?

I ein svært interessant bloggpost skriv Darren Naish djupfølt om eit problem innan vitskapen, nemleg manglande henvisning til relevante artiklar: The pain of not getting cited: oversight, laziness, or malice?

Årsakene kan vere mange. Uansett korleis ein søker, kan viktige referansar sleppe mellom fingrane på ein stakkar, og forfattaren kan vere genuint frustrert over å ha missa viktig innsikt i feltet. I andre samanhengar er det snakk om latskap. Eg HAR ein gong høyrt ein postdoc i fullt alvor snakke om korleis han så langt mulig unngjekk å lese seg opp på eit tema, og berre las det absolutt viktigaste. Enno meir alvorleg er det om ein forfattar aktivt vel å la vere å sitere ein kollega og konkurrent, anten for å kunne inkassere æra over å vere først på feltet, eller for å unngå å blåse opp siteringsstatistikken til nokon ein potensielt skal konkurrere med, om tilsetjing eller om forskingsmidlar.

Fleire moment leggast til i diskusjonen under innlegget, som at referee-behandlinga ofte sviktar når det gjeld å påpeike manglande referansar. Sjølv kan eg for eiga rekning legge til at bias i søk resulterer i trefflister som ikkje er representative for eksisterande kunnskap. For eksempel kan val av tilsynelatande like søketermar vere avgjerande for kva 'skule' av forskarar du treff på. Berre prøv med så like biologiske søketermar som 'habitat use', 'habitat selection' og 'habitat choice'. I dei to siste tilfella impliserast kjennskap til motivasjon og preferanse hos studieorganismen. Mange forskarar vegrar seg derfor mot å bruke slike termar, og du vil følgjeleg ikkje få treff på deira arbeid med slike søketermar.

På same måten vil val av database eller søk på forfattar vere med på å dreie trefflista og lesinga mot spesielle synspunkt framfor andre. Uansett årsak er det tydeleg at denne bloggposten traff ein nerve, og at siteringar kan bety eit vere eller ikkje vere for ein ung forskarspire.

For oss som jobbar i bibliotek, burde denne bloggposten vere av stor interesse. Den illustrerer kor viktig det er å drive med informasjonskompetanseundervisning, samt undervisning i sitering og etikk. Med grunnleggande søkeferdigheiter på plass burde litteratursøkingsprossessen koste mindre, og gjere det mindre freistande å droppe søking/lesing/sitering. Talet på glippar burde dessutan gå ned. Ein kunne kanskje også håpe på ei mindre innsnevring av vitskapen enn den Evans peikar på i sin Scienceartikkel frå i fjor: Electronic Publication and the Narrowing of Science and Scholarship

4 comments:

  1. Veldig aktuell problemstilling, særlig for vår målgruppe PhD studenter.
    Vi kommer inn på dette flere steder både under fagfellevurdering, søk (?) og siteringsstatistikk der siteringer inndeles i ekte siteringer, negative eller retoriske.

    ReplyDelete
  2. Bra blogg og bloggpost dette! Lurer på om det er store forskjeller fra fag til fag? Medline har f.eks. såpass god thesaurus at emnesøk bør være greit i den basen. Men heller ikke den dekker all medisin såklart.

    En av kommentatorene i bloggposten dere omtaler bruker et argument om at de ikke får lov å sitere så mange de vil i enkelte tidsskrift! Pussig.

    ReplyDelete
  3. Bra innlegg. Publiseringskultur et interessant tema. Har inntrykk av at det snakkes lite høyt om dette i forskergruppene, men skjønner ikke helt hvorfor. Synes det er bra at vi tar det opp i PhD-undervisningen.

    ReplyDelete
  4. Oooops, er vand med Wordpress og default varsling om kommentarar, desse hadde gått meg hus forbi. Trur dei rette settingane no er på plass for framtida.

    Svenn, trur det er store forskjellar frå fag til fag, og ikkje minst frå database til database, basert på m.a. funksjonalitet. Samtidig vel mange å søke på f.eks. allereie kjende forfattarar. Dermed kan du forsterke siteringsbias også om du søker i Medline/PubMed. Ei anna sak er konvergensen i siteringar. Google Scholar sorterar jo i stor grad etter siteringstal, artiklar høgt oppe blir oftare lest, artiklar lest blir oftare sitert, og dermed forsterkast problemet i Evans-artikkelen. Same effekt kan ein forresten få med bruk av bX, som vi testar....

    Veit fleire tidsskrift som set grenser for kor mange siteringar ein kan ha. Har nok historiske årsaker, ei arv frå den tida då artikkelplass var dyrt. Skulle trud et var unødvendig no.

    S&I, eg trur deler av det problematiserast i fagmiljøa, mest det som handlar om å sitere første arbeid på eit felt. Trur likevel det koker ned til at den som siterast, synest det heile er greit, og den som ikkje siterast, tar det til seg som eit prov på eiga utilstrekkelegheit, og derfor finn det stigmatiserande å ta opp...

    ReplyDelete