Monday, August 24, 2009

Alle desse bloggane, kva gjer ein med dei?

Når det finst så mykje spennande folk skriv der ute, og ein har så begrensa tid, korleis finn ein fram til gullkorna utan å kaste bort altfor mykje tid på det?

1) Tenk at det er som med aviser, du er ikkje forplikta til å lese noko som helst. Les berre det som vekkjer interesse og synest relevant. Prøver du å nå over for masse, gir du snart opp.

2) Finn eit godt system for å skaffe deg kjapp oversikt over overskrifter.

For å skaffe oversikt over få nyheitsstraumar med mange postar (t.d. artiklar) ved kvar oppdatering (t.d. tidsskrift) synest eg det fungerer alldeles utmerka å legge nyheitsstraumen i Firefox sin 'Live Bookmarks'. Klikk på det oransje ikonet til høgre i adressefeltet. Du vil få spørsmål om 'Subscribe to this feed using', og så ein nedfellsmeny. Vel 'Live Bookmarks' på denne. Litt avhengig av preferansar kan du gjere som meg: Når neste boks spør kvar du vil legge mappa, legg du den på verktøyslinja ('Bookmarks Toolbar'). Dermed er den alltid lett tilgjengeleg. Klikk på mappa, og du får dei 15, 20 eller 50 siste overskriftene, litt avhengig av praksisen til dei som lagar nyheitsstraumen.

For å skaffe deg oversikt over mange nyheitsstraumar med sjeldan oppdatering, fungerer strategien over ikkje like bra. Du vil fort sleppe opp for plass på verktøylinja, og det blir mykje klikking og blaing for sjeldnare gullkorn. Her fungerer det betre å samle mange straumar på ei felles blogglesar- / nyheitslesarteneste (Bloglines, Google Reader, Pageflakes. etc). For å kunne bruke desse tenestene, må du opprette ein konto. Sidan kan du legge til nyheitsstraumar anten i grensesnittet til desse tenestene sjølv, eller i Firefox. Igjen klikkar du på det oransje ikonet til høgre i adressefeltet, eller på den aktuelle sida ein stad (kikk etter 'RSS-feeds'). I staden for å abonnere på tenesta gjennom å bruke 'Live Bookmarks' vel du for eksempel Google Reader.

Mitt problem med Google Reader og Bloglines er at dei ser ein smule rotete ut, med skiftande fontar og null samlande lay-out. Fokus er på funksjonaliteten, eller i alle fall noko av funksjonaliteten. Eg synest det kan vere vanskeleg å navigere og til ei kvar tid følge med på kvar eg står. Slik sett fungerer Pageflakes betre, med ein samlande, ryddig lay out. Men framleis synest eg bloggpostane misser noko gjennom Pageflakes: den opprinnelege layouten.

Eg har derfor gått enno eit steg vidare: For å ha rask tilgang til overskriftene (og sleppe å hefte meg opp i noke meir), har eg rett og slett lagt heile Google Reader i 'Bookmarks toolbar'. Dermed kan eg raskt skumme overskrifter, og berre plukke ut snacksen... For å gjere det same: Pass på at du står på toppnivå i Google Reader (default når du opnar sida), ellers får du berre med den bloggen som du har øvst. Legg den i 'Live bookmarks', som over.

Bonustips: For å ha så kjapp tilgang til bokmerka som mulig, dyttar eg stort sett alle eg treng inn på 'Bookmarks toolbar'. For å unngå plassproblem, droppar eg tekst for alle nyheitsstraumar som har eit unikt, gjennkjennbart ikon i adressefeltet (td. BIBSYS, Woldfram|Alpha, OCLC etc. Det gjer eg ved å høgreklikke på bokmerket, gå til properties, og fjerne alt som står i 'Name'-feltet.For dei som ikkje er eintydige, kuttar eg teksten ned til eit minimum.

1 comment:

  1. Synes det var fint at du la inn dette her. Dette er et tema som jeg synes vi alle bør innom i undervisningen av master- og phd-studenter.

    ReplyDelete