
Litt søking på Wikipedia og Google brakte meg i retning av Wordle. Kjapp uttesting (mi tekst frå ei realtivt blodfersk Darwin-brosjyre) ga ordskyene over. Klikk på bilda for å sjå skyene i stort format. Både spennande og representativt,

Reint praktisk, så vel ein 'create' og klistrar inn teksten ein vil visualisere. Wordle kjem med eit forslag, med tilfeldig val av font, farge og layout. Ved å klikke på 'randomize'-knappen under, genererast stadig nye versjonar, med varierande settingar. Ganske greitt å klikke nokre gonger for å få eit inntrykk av kva val ein har. Skal ein derimot vise fleire skyer i løpet av ein presentasjon, kan ein sjølv velje instillingar. Eg har sansen for fontutvalet, det er befriande å bevege seg bort frå MS-standardar. Fargeutvalet passa meg og. Men sjølv når instillingar er valde, kan det jo vere ein ikkje blei heilt nøgd med det visuelle intrykket. Ein kan behalde instillingane, men generere nye skyer ved å gå til 'layout' og velje 're-layout with current settings'.
Skyer du genererer og vel å lagre i galleriet der vil automatisk få Creative Commons-lisens. Ønskjer du ikkje det, kan du ta ei utskrift, eller du kan ta ein skjermdump/skrive til pdf for å kunne bruke materialet digitalt. Det er lov, også om du skal bruke produktet kommersielt, men du må kreditere Wordle med å vise til at produktet blei generert på http://www.wordle.net/ (Sjå FAQ for detaljar)
MÅ vi gjere sånt? På ingen måte. Men det er morsomt å prøve, og brukt på rett måte (med måte) kan det både gi ei viss oversikt og eit lite løft til ein presentasjon. Og som kollega Susanne seier: Det viser oss dessutan kva for emneord vi burde løfte ut frå ei tekst ;-)
Bilda genererte av http://www.wordle.net/
No comments:
Post a Comment