Artikkelen har ei temmeleg interessant historie, relevant for oss som jobbar på bibliotek av heilt andre grunnar enn innhald og (eventuelle) funn:
- Den har passert fagfellevurdering i Science (akseptert 8. november 2010)
- Den blei storstilt lansert (temmeleg hypa) i ei pressemelding frå NASA (som finansierte prosjektet) datert 29. november. Ein pressekonferanse fann stad på den datoen artikkelen blei publisert online, 2. desember 2010
- Kritikken har vore omfattande og massiv, ikkje minst i den vitskaplege delen av blogosfæren (oversikt over utviklinga i bloggpost på 'Not Exactly Rocket Science')
- Science har gått til det uvanlege steg å utsetje endeleg trykketidspunkt til 3. juni (mao 6 mnd etter online-publisering) , slik at artikkelen publiserast SAMAN med kritiske (hovudsakleg metodiske) tilsvar.
Advice 6: Peer review continues with your readingSpørsmålet er kva som skjer før publisering. PLoS-tidsskrifta har tidlegare vore gjenstand for kritikk når det gjeld fagfellevurdering - med påstandar om at denne ikkje held same høge kvalitet som i andre, tilsvarande tidsskrift. Men PLoS har hatt ein ganske open politikk, der dei tidlegare oppga på sine sider kor mange refereear som i gjennomsnitt var inne i vurderinga av ein artikkel (gjennomsnitt i underkant av to per artikkel, sist eg sjekka). Denne opplysninga ser ut til å ha blitt borte. PLoS opnar og for ei temmeleg direkte tilbakemelding av einkvar artikkel, gjennom å gi 'metrics' (nedlastingsstatistikk, siteringsstatistikk etc) for kvar artikkel, 'related content' (dvs. søk på lelaterte artiklar i Google Scholar & PubMed, samt tilbaketråkk frå bloggar) og 'Comments', dvs kommentarar direkte på PLoS-sida. Eit eksempel på korleis dette kan fungere, er å finne for Ida-artikkelen til Jørn Hurum og hans medforfattarar, ein artikkel med klare parallellar til arsen-artikkelen. I prinsipp opnar PLoS slik for ei utvida og kontinuerleg fagfellevurdering. -Saman med alt av nye analyser, nye funn nye ekperiment som publiserast over tid og i andre kanalar, som meir eller mindre direkte tilsvar.
Even though the editors and reviewers of a journal will have tried hard to assess the work they present, pre-publication peer review is not infallible. In fact, the real peer review occurs only after publication.Erren et al. 2009
I andre tidsskrift kan prosessen vere mindre gjennomsiktig. På konferansen Creating Knowledge VI (sist haust) ga likevel professor Mittelmark ved HEMIL-senteret eit inblikk i publisering frå ein editors vinkel, og presenterte eit bilete av fagfellevurdering i krise. Det er rett og slett vanskeleg å få etablerte, erfarne forskarar til å ta på seg slike oppdrag. I større og større grad utførast jobben av yngre, ikkje så erfarne og beleste forskarar. Følgjeleg er opp mot halvparten av vurderingane for dårlege til at dei kan brukast. I nokon grad kuttast det i talet på fagfellar. Mittelmark nemner at han før kunne rekne med å sende ut tre brev og med det sikre tre fagfellar. No kan ein spørje 6-10 potensielle fagfellar, og likevel ikkje rekruttere meir enn 1-2.
(Mittelmark sin presentasjon skulle ligge på http://blip.tv/creating-knowledge-vi, men er for tida utilgjengeleg. UB-brukarar kan sjå innlegget på P:\Felles\VIDEO - Mittelmark)
Eit skifte frå vurdering før publisering til vurdering etter publisering representerer slik sett ei grunnleggjande endring i heile publiseringsstrukturen. Dette er ei utvikling det viktig at vi som underviser informasjonskompetanse, særleg for PhD-kandidatar, held auge med!
Felisa Wolfe-Simon et al., “A Bacterium That Can Grow by Using Arsenic Instead of Phosphorus,” Science 332, no. 6034 (June 3, 2011): 1163 -1166.
TC Erren, P. Cullen, and M Erren, “How to surf today’s information tsunami: On the craft of effective reading,” Medical hypotheses 73, no. 3 (2009): 278–279.
TC Erren, P. Cullen, and M Erren, “How to surf today’s information tsunami: On the craft of effective reading,” Medical hypotheses 73, no. 3 (2009): 278–279.