Tuesday, March 30, 2010

Kva forventar studentar av oss?

Som eg sit her og les om informasjonskompetanse og prøvar å setje meg inn i studentars læringsmotivasjon, dumpar ein bloggpost ned i min Google Reader, delt med meg av ei eller anna venleg sjel. Tittelen treff rett i mitt fokuspunkt:

Hm. Hva i all verden forventer en student av et universitetsbibliotek?

Svært interessant lesnad. Glimrande supplement til alt vi måtte få til av fokusgrupper og liknande. Les, så augo blir store og bloggforma.

Friday, March 5, 2010

Open Acces også for monografiar?

Via IAMSLIC blei eg tipsa om ein ny open access monografi, 'From Seascapes of Extinction to Seascapes of Confidence'. Boka blir utgitt av Co-Action Publishing, som spesialiserer seg på å skreddarsy open acess-løysingar:
[...] we work to develop an international list of scholarly Open Access journals and books for a global audience.
Co-Action tilbyr fleire tidsskrift, men så langt berre to bøker. Eg synest denne løysinga er spennande. Dei legg ut Paperback-versjon for sal, og tilbyr ebok for gratis nedlasting. Sikkert ei grei løysing for dei universitets- og forskingspublikasjonane som likevel ikkje kan rekne med stort sal (og store inntekter til forfattar).

Spørsmålet er korleis vi rundt i dei tusen bibliotek skal fange opp desse ebøkene, og sørge for at dei er tilgjengelege, også gjennom våre katalogar. For større, akademiske aktørar burde vi kanskje vurdere importar? I dette tilfellet får vi berre legge den aktuelle boka inn manuelt.

Thursday, March 4, 2010

E-bøker - no med vingar...

Forlaget DynamicBooks presenterte nyleg ein ny modell for elektroniske lærebøker. Systemet tillet professoren / forelesaren å skreddarsy ei pensumpakke for sine studentar. Med utgangspunkt i ei eksisterande lærebok kan professoren legge til eller skrive om materiale, sette inn videoar og andre pedagogiske verkemidlar, eller legge til heimearbeid. Det ferdige produktet seljast til studentane gjennom forlaget. Forelesarar som gjer endringar, får eit lite vederlag for dette. Dette utgjer muligens ikkje så mykje per universitet per år, men potensielt litt meir om endringane er populære på andre universitet med tilsvarande kurs. I tillegg til DynamicBooks har både McGraw-Hill og Wiley ute sine versjonar av 'enhanced textbooks'.

Ideen er definitivt god. Dei færraste forelesarar finn bøker som passar akkurat til vinklinga dei vel for sine kurs. Svært mange klipper og klistrar fram ei pensumliste, og sluttproduktet inneheld gjerne nokre kapittel frå ei bok (eller fleire), nokre (fagfellevurderte?) artiklar, tidvis sjølvskrivne kompendiar. Dermed er praksisen ikkje så langt frå det DynamicBooks her legg opp til. Om DynamicBooks vil lukkast, er ei anna sak. Det avheng for eksempel av om klarer å få ei kritisk masse av tekstbøker i samlinga si. Dei tilbyr andre forlag å presentere sine tekstbøker gjennom sitt system, men får førebels lite napp der. Dessutan vil det avhenge av om dei tilbyr forelesaren eit brukarvennleg og arbeidssparande system. Ellers kan dei freistast til å snekre eit alternativt opplegg, trykte eller elektronisk.

Aller helst ville eg ha denne funksjonaliteten inn i eit nytt, moderne biblioteksystem. Med ein site-lisens på pensumbøkene vil tekstbøkene vere tilgjengelege. Endra kapittel og tillegg burde kunne ligge i våre digitale arkiv (Bora), artiklar koplast gjennom lenketenarar til våre elektroniske eller trykte behaldningar (eller kopibestilling), heimearbeid koplast gjennom Studentportalen og det burde vel vere råd å finne eit punkt å dytte inn ein skarve video? Men smidig måtte det vere, om vi skulle få nokon til å bite på. Det er definitivt vanskeleg nok å få tak i pensumlistene i dag.

Les heile artikkelen: Format War Heats Up Among Publishers of Electronic Textbooks