Tuesday, August 25, 2009

Wolfram|Alpha kåra til 13. beste nettstad i 2009

Time magasin har kåra Wolfram|Alpha til 13. beste nettstad 2009, over Facebook og nesten-konkurrenten Wikipedia, men under Twitter, Skype, YouTube og nesten-konkurrenten Google. Les heile lista eller Wolfram|Alpha sin eigen, gledestrålande presentasjon av nyheita.

Monday, August 24, 2009

Alle desse bloggane, kva gjer ein med dei?

Når det finst så mykje spennande folk skriv der ute, og ein har så begrensa tid, korleis finn ein fram til gullkorna utan å kaste bort altfor mykje tid på det?

1) Tenk at det er som med aviser, du er ikkje forplikta til å lese noko som helst. Les berre det som vekkjer interesse og synest relevant. Prøver du å nå over for masse, gir du snart opp.

2) Finn eit godt system for å skaffe deg kjapp oversikt over overskrifter.

For å skaffe oversikt over få nyheitsstraumar med mange postar (t.d. artiklar) ved kvar oppdatering (t.d. tidsskrift) synest eg det fungerer alldeles utmerka å legge nyheitsstraumen i Firefox sin 'Live Bookmarks'. Klikk på det oransje ikonet til høgre i adressefeltet. Du vil få spørsmål om 'Subscribe to this feed using', og så ein nedfellsmeny. Vel 'Live Bookmarks' på denne. Litt avhengig av preferansar kan du gjere som meg: Når neste boks spør kvar du vil legge mappa, legg du den på verktøyslinja ('Bookmarks Toolbar'). Dermed er den alltid lett tilgjengeleg. Klikk på mappa, og du får dei 15, 20 eller 50 siste overskriftene, litt avhengig av praksisen til dei som lagar nyheitsstraumen.

For å skaffe deg oversikt over mange nyheitsstraumar med sjeldan oppdatering, fungerer strategien over ikkje like bra. Du vil fort sleppe opp for plass på verktøylinja, og det blir mykje klikking og blaing for sjeldnare gullkorn. Her fungerer det betre å samle mange straumar på ei felles blogglesar- / nyheitslesarteneste (Bloglines, Google Reader, Pageflakes. etc). For å kunne bruke desse tenestene, må du opprette ein konto. Sidan kan du legge til nyheitsstraumar anten i grensesnittet til desse tenestene sjølv, eller i Firefox. Igjen klikkar du på det oransje ikonet til høgre i adressefeltet, eller på den aktuelle sida ein stad (kikk etter 'RSS-feeds'). I staden for å abonnere på tenesta gjennom å bruke 'Live Bookmarks' vel du for eksempel Google Reader.

Mitt problem med Google Reader og Bloglines er at dei ser ein smule rotete ut, med skiftande fontar og null samlande lay-out. Fokus er på funksjonaliteten, eller i alle fall noko av funksjonaliteten. Eg synest det kan vere vanskeleg å navigere og til ei kvar tid følge med på kvar eg står. Slik sett fungerer Pageflakes betre, med ein samlande, ryddig lay out. Men framleis synest eg bloggpostane misser noko gjennom Pageflakes: den opprinnelege layouten.

Eg har derfor gått enno eit steg vidare: For å ha rask tilgang til overskriftene (og sleppe å hefte meg opp i noke meir), har eg rett og slett lagt heile Google Reader i 'Bookmarks toolbar'. Dermed kan eg raskt skumme overskrifter, og berre plukke ut snacksen... For å gjere det same: Pass på at du står på toppnivå i Google Reader (default når du opnar sida), ellers får du berre med den bloggen som du har øvst. Legg den i 'Live bookmarks', som over.

Bonustips: For å ha så kjapp tilgang til bokmerka som mulig, dyttar eg stort sett alle eg treng inn på 'Bookmarks toolbar'. For å unngå plassproblem, droppar eg tekst for alle nyheitsstraumar som har eit unikt, gjennkjennbart ikon i adressefeltet (td. BIBSYS, Woldfram|Alpha, OCLC etc. Det gjer eg ved å høgreklikke på bokmerket, gå til properties, og fjerne alt som står i 'Name'-feltet.For dei som ikkje er eintydige, kuttar eg teksten ned til eit minimum.

Monday, August 17, 2009

Nye tilbod frå JSTOR

Dei av oss som er registrerte hos JSTOR (for eksempel for å kunne eksportere til EndNote) mottok nyleg ein mail om utviding av tilboda. JSTOR har så langt konsentrert seg om å vere arkiv og tilby såkalla back-issues, særleg for publikasjonar frå ulike associations. Her har vi hatt tilgang til utgjevingar eldre enn ein 'bevegeleg vegg'. Kvar denne veggen til ei kvar tid står, vil avhenge av kva publikasjon det dreier seg om: for nokre er det to år, andre tre, andre igjen fem.

No har JSTOR ambisjon om å utvide tenesta og saumlaust tilby det tradisjonelle arkivet saman med løpande årgangar. Brukaren slepp då (potensielt) å forhalde seg til om ein gitt artikkel er eitt eller seks år gamal, og kan finne begge frå same leverandør. I første omgang dreier det seg om tidsskrift, og JSTOR har inngått ei avtale med University of California Press om tilgang til alle deira tidsskrift. I tillegg til å utvide med løpande årgangar, kjem JSTOR dessutan til å utvide med U. Cal. Press-titlar som ikkje allereie låg i pakken.

JSTOR vurderer dessutan om anna materiale (les: bøker) eignar seg. Spennande!

For oss stiller dette minst to spørsmål: Kor mange andre utgjevarar vil inngå avtale med JSTOR og når? Prisinga kjem til å vere kontrollert av dei utgjevarane som inngår avtalar, kan JSTOR konkurrere med andre leverandørar på løpande abonnement? Frå før har vi vel tilgang til samtlege JSTOR-pakkar, så ytterlegare tilbod frå JSTOR burde absolutt vere på agendaen.

Monday, August 10, 2009

ISI - procceedings

Looking forISI Proceedings?
It is now searchable from within Web of Science
as the Conference Proceedings Citation Index.
More information.
Note: Times Cited counts now include
proceedings citations.
More information."

Har dere sett nyheten på ISIs søkeside?

Lurer på om UB skal abonnere på tillegget. I alle fall akkumuleres siteringer fra denne delsamlingen til "Times cited". Dette forandrer forandrer siteringsstatistikken, noe å være obs på for dem som holder på med analyser av disse data. Meg selv kanskje?

Sunday, August 9, 2009

Google Insights for Search



Google Insights for Search er en tjeneste som analyserer søkene dine. Den sammenlikner antall treff for søketermer (synonymer) over tid. På tidslinjen som vist på bildet oppe har jeg sammenliknet følgende termer:
  • climate change
  • ipcc
  • global warming
På verdenskartet ser man hvor søkene kommer fra. Dessuten listes opp relaterte søkebegrep som er hyppig brukt.

Lurer på om dette er noe vi kan ha nytte av for våre egne søk. I alle fall greit å vite om tjenesten.


Friday, August 7, 2009

Vi som jobbar på Bibliotek for realfag, RB (utt: Err-Be), er ikkje så sjeldan innom kontora til kvarandre med nyheiter. 'Har du sett at....' og 'har du høyrt at....' svirrar. Ofte dreier det seg om ei ny teneste (Wolfram|Alpha eller Google Insights for search, for eksempel) eller ny fuksjonalitet i ei gamal teneste (Ask2). Eller noko nytt om informasjonskompetanse, eller om Impact factor, eller kanskje Open Access, eller andre rammebetingelsar? Korleis ER det i grunnen med innlevering av trykte eks. av masteroppgåver? Og kva er i grunnen den beste måten å halde seg oppdatert på bloggar og andre RSS-feeds?

Like ofte kjem vi tilbake til kvarande og spør korleis det 'no eigentleg VAR med den saka, kan du hugse, og har du fortsatt mailen eller lenkene'?

Denne bloggen er først og fremst tenkt som ein arbeidsreiskap for oss som arbeidar på RB. Den fungerer både som ein måte å presentere nye saker på og som eit kjapt arkiv. Er bloggen i tillegg til nytte for andre på UBB, UiB eller nokon annan stad, er det berre ein bonus. Vi vil kommentere på kvarandre sine innlegg, og dessutan gjerne ta imot kommentarar og innspel frå andre.

Og dermed *klipp* erklærar eg bloggen opna!